Det første møtet

Fra møterommet "Stortinget" i Lille Grensen

Fra møterommet "Stortinget" i Lille Grensen

-Velkommen til månedens kundemøte, folkens. Sistemann som smatt inn døra her er vår nye medarbeidar, Ellen. Ho er frå Stryn og snakkar nynorsk. Og det er helt topp! Møtereferatet blir dermed på nynorsk, seier Hans.

Ei dresskledd forsamling ser på meg. Smil og nikk rundt bordet. Det blinkar i mansjettknappar og brylkrem.

-Då kan alle rette merksemda mot skjermen her så kan vi begynne med å sjå på dei siste vekenes medieklipp, seier Hans.

Eg skal altså skrive møtereferat. På nynorsk. Eg som gjekk glipp av presentasjonsrunden. Korleis skal eg få skrive ned kven som seier kva? Eg får finne på namn på møtedeltakarane. Indiandarnamn. Hehe. Han lengst til venstre kallar eg ”Raude Nase”. Kollegaen blir ”Runde Mage”. Nestemann ”Fiklande Penn”. Han som sit nærast meg er ein eldre herre. Han blir ”Clinter’n”. Ei fin blanding av comboy og indianar.
Plutseleg lener Clinter’n seg mot meg og kviskrar:

-Jasså, du er frå Stryn du altså? Kjenner du Jostein Flo?
-Eh, nei, ikkje noko særleg.
-For ein mann.
-Hehe. Ja jøss.

Clinter’n er kul. Dette går bra. Kanskje eg tar ei runde rundt bordet og skjenke kaffi til alle? Ja, eg gjer det. Gud, som eg skjelve på hendene. Burde ha ete frukost i dag tidleg. Kanskje eg kan ete eit av desse smørbrøda som blir sendt rundt. Clinter’n vil tydelegvis heller prate enn å høyre på Hans. Han kviskrar vidare:

-Er det i Stryn man kan stå på ski om sommaren?
-Jaudå, fagre Stryn
-Står du på snowboard då eller?
-Ja, eg susar av garde . Står du?
-Slalåm

”Fiklande Penn” snakkar berre i forkortingar. Som eg ikkje skjønar. Men likevel rablar ned. Og simultanoversetter til nynorsk. ”Raude Nase” berre nikkar. Korleis protokollfører eg det? Plutseleg blir det siste rundstykket sendt forbi. Det er no eller aldri. No. Å nei, her er rødløk over heile fjøla. Det er ingen som ser om eg pirkar ut rødløken og gøymer den under servietten.

-Eg likar heller ikkje rødløk. Få dei ut, kviskrar Clinter’n.
-Ja, heilt pyton, kviskrar eg tilbake.

Irriterande at desse smørbrøda er så høge. Umulig å bite over. Og umulig å ikkje søle dressing overalt. Eg er nøydd å prøve. Here we go….jafs.

-Ellen, kan du ta nokre fleire utskrifter av denne rapporten, er du snill, seier Hans, plutseleg.

-Hm.Kl…a…..rt det.

Tygge tygge.

-Er stks tlbke…

Typisk. Munnen så full at eg ikkje klarer svare. Dressing og den fæle rødløken i det nynorske møtereferatet mitt. Kva var det eg skulle trykke på for å få utskrifta på langs igjen? Eg prøver denne. Oj. Opp ned. Jaja.

-Her er rapporten eg snakka om, denne kan dokke ta med heim. For anledninga opp ned. Her i Geelmuyden.Kiese oppfordrar vi våre medarbeidarar til kreativitet og dette er det ein kan kalle ei kreativ utskrift, seier Hans.

Cowboy og indianarar kneggar i skjegget. Eg rødmar litt bak det høge smørbrødet mitt.

-Ja, hehe, er alt eg greier å seie.

Møtet er slutt og papir og mapper blir pakka ned i saltaskene. Handtrykk og på gjensyn.

-Eg gler meg til å lese det nynorske møtereferatet, seier Clinter’n på veg ut.
-Takk, eg skal sørgje for at du får ein kopi utan dressing og rødløk, svarar eg.
-Hehe, det hadde eventuelt vore eit kreativt møtereferat det då?
-Jepp
-I neste månadsmøte kan du jo tipse meg om dei beste løypene i Stryn og kor eg skal gå for å få eit glimt av Jostein Flo?
-Ja, eg kan ta ei lita synfaring og ha eit løypekart klart eg
-Flott! Då snakkast vi neste gong, avsluttar Clinter’n.

Eg ryddar på plass kaffikoppar og kanner medan eg tenker at eg er glad det er over.
-Kva syns du om ditt første kundemøte, då Ellen, spør Hans.
-Det var spennande. Sånn passe fornøgd med eigen innsats.
-Eg synes det gikk kjempebra, eg! En flott debut, smiler Hans.

Ord: Ellen Bjørlo

Related posts:

  1. Det første svømmetak 365 dager med læring. 365 dager med spenning. 75...

Related posts brought to you by Yet Another Related Posts Plugin.

Twitter Digg Delicious Stumbleupon Technorati Facebook Email

Ett innlegg til “Det første møtet”

Skriv en kommentar